Det skal arrangeres nytt EMSB-kurs i Bergen fredag 5. mai 2023. Kursstad vert denne gongen Haukeland universitetssjukehus, Ferdighetssenteret, Sentralblokka, 3. etasje.
Målgruppe: Helsearbeidarar (primært sjukepleiarar og legar) som vil kunne få ansvar for akuttbehandling av brannskadde.
Læringsmål: Akutt brannskadebehandling fyrste 24 timar. Teoretisk og praktisk opplæring i eit standardisert system for optimalisering av diagnostikk og behandling dei fyrste dagane etter skade.
Kurset er godkjent av NSF og Legeforeningen
Her er ei direkte lenke til påmelding:
https://www.deltager.no/event/emergency_management_of_severe_burns_emsb_2023_05052023
Vi ynskjer at alle legar,sjukepleiarar og andre helsearbeidarar som kan få ansvar for behandling av alvorleg brannskadde pasientar får moglegheit til å ta dette kurset. Det er kun 24 plassar totalt